Du kan gjere noko av rørarbeid sjølv. Arbeid med rør der vatn skal stå under trykk, må derimot gjerast av ein fagperson. Om forsikringsselskap kan bevise at ein skade er skjedd pga arbeid utført av ukunnige, risikerer du avkorting og i verste fall inga forsikringsutbetaling.
Ting kan gå galt og feil kan oppstå. Dette kan skuldast menneskelege feil, eller produksjonsfeil på komponentar. Sjølv ein liten jobb kan føre til vasslekasje som får store økononomiske konsekvensar. Be difor om at rørleggjar legg fram dokumentasjon på forsikring, før arbeidet vert starta på.
I bygg og anleggsarbeid (over ein viss størrelse) må byggherren (som oftast kunden) levere ein byggesøknad til kommunen. Her må det stå kven som er ansvarleg for dei aktuelle fag-greinene i prosjektet (rør, elektro, prosjektering). Lokal godkjenning, der kommunen godkjente hadde ei liste med godkjente tenestetilbydarar, vart avvikla i 2016. Denne er bytta ut med ei ordning der føretaka sender ei erklæring til kommunen om at dei påtek seg ansvar for sitt fag i prosjektet. Dette vert eit vedlegg i byggesøknaden. Kommunen vurderer då om vedkomande kan stå ansvarleg for dette, basert på dokumentasjon og erfaring. Referanse
Nokre firma har sentral/nasjonal førehandsgodkjenning, slik at kommunen slepp å vurdere dette i kvart enkelt tilfelle. I vårt område er foholda så små, at kommunen har oversikt over dei aktuelle bedriftene.
Våtromssertifikat er dokumentasjon på at ein handverkar har tverrfagleg og heilheitleg forståing av våtrom (bad og vaskerom). Feil på våtrom skjer oppstår ofte i samarbeidet mellom rørleggjar, tømarar, murar og elektrikar. Det er ikkje krav om at handverkarar skal ha våtromssertifikat for å jobbe med våtrom. Vi vil likevel tilrå at du (som eit minimum) i slike prosjekt nyttar ein med våtromssertifikat til å leie eller stå ansvarleg for heile prosjektet. Nasjonale undersøkingar seier at 3 av 4 bad vert bygd med reelle feil. Feil som svekkar badet si levetid, i værste fall dramatisk.